Mtp nye restriksjonar som kom frå regjeringa 3/1-2021 så er Studioet ikkje berørt pr i dag. Vi kan halde åpent 😀
Studioet følgjer til ei kvar tid FHI sine rettningslinjer iht smittevern. Dersom alle følgjer punkt under så vil dette gå veldig fint. 
 
For trening på Studio Konstanse gjeld dette;
  • Ikkje møt på trening om du føler deg sjuk eller er i karantene. 
  • Ta med eiga matte, handduk, lette vekter, theraband, blokker ( du kan også trene utan utstyr )
  • Dei som leiger utstyr med studioet kan leige det vidare. Treng du utstyr? - spør så ordner eg...
  • Vask hendene/antibac minimum før og etter timen. Du vil finne antibac tilgjengeleg i resepsjon og i treningssal og vask på begge toalett og i resepsjon. 
  • Kom til treningssal tidlegast 15 min før klassa sin start og seinast 5 min før !!! Du kan legge klar plass i salen først og så benytte venterom/mingleområde til klassa startar.
  • Frå veke 43 åpner vi for å benytte større del av studioet til mingleområde. Kom gjerne tidlegare og bli gjerne igjen etter klasser for å slå av ein prat. Studioet er for deg så bruk det gjerne!
  • Hald 2 meters avstand til andre i treningssal
  • Unngå kø ved dører.  
  • Hugs å booke timen i online booking. Om du ikke er booka inn får du dessverre ikke vere med. Du har sjølv oversikt i online booking systemet vedr kva bestillingar du har gjort. Velg kundeinnlogging. Send meg ein sms dersom du har spørsmål ( tlf 99015191 )
  • Det vert begrensa ant plassar på timane, så ver tidleg ute med bestilling slik studioet evt kan sette opp fleire klasser ved stor etterspørsel.
  • Kvar kunde kan velge ei studioklasse pr veke i pris kr 450,- pr mnd
  • Oppgradering av medlemsskap til 2-3 studioklasser pr veke er kr 750,-
  • Trening Online man kl 18.00, tirs kl 09.00 og lau kl 10.00. Øktene vert liggande ut dagen aktuell dag. Ønskjer du tilgong andre tider spør gjerne. Trening online er inkl i begge type medlemsskap. Der vil til ei kvar tid ligge enkelte økter i lukka facebookgruppe. 
  • Studioet har alltid sett hygiene og vask av utstyr, kontaktflater og gulv på høgprioritet. Men har no trappa dette ytterlegare opp. Det vert desinfisert både utstyr, gulv, toalett og alle berøringsflater etter kvar klasse.
Eg vil rette ei STOR, AUDMJUK TAKK til dykk alle for flott støtte i denne tida, både med fortsettelse av medlemsskap og oppmøte på online trening, samt gode ord ❤️
VELKOMEN VIDARE
Eg etterstreber å møte kunden på tider som passar for å innarbeide gode rutiner som varer. Gode rutiner og stabilitet er viktig.
Du kan velge fast plass på klasse, klasser over x antal veker. Ta kontakt så skal eg sette deg opp.
 
TA DEG TID TIL TRENING - KROPPEN DIN KAN - DEN GODE FØLELSEN - HELSEGEVINST