Trening på matte / Pilates

Trening på matte er inspirert av treningsmetoda pilates. Dette er ei form for styrketrening som handlar om å bygge opp den indre støttemuskulatur grundig. Slik at vi kan bære kroppen vår på mest mulig hensiktsmessig måte.

Treninga foregår med rolige og skånsomme øvelsar.

Øvelsane foregår på matte der du får god personleg rettleiing. Rettleiing undervegs er viktig for at teknikk skal kome på plass. Øvelsane er ikkje vanskelege, men måten dei utførast på er sentral.

Ved å auke konsentrasjon rundt pust og korleis ein pustar rett, vil hjelpe på oksygenopptaket og fornying av celler i kroppen. Det aukar også blodgjennomstrøyming til kroppen og hovudet. Noko som gir ei avslappande og spenningsbefriande effekt.  

Å være bevisst korleis ein utfører øvelsane vil gi bedre styrke. Og samanheng mellom tankar og korleis du beveger kroppen vil bedre kroppsholdning.

Dette er ei fin treningsform for dei som har skader, ønskjer ei mjukare treningsform eller supplement til anna trening.

Det handlar mykje om pust og kroppsholdning. Det er eit mål at ein bringer med seg det ein lærer på trening, ut i kvardagen.

Vi bruker utstyr som: Theraband, lette vekter/toningball, stor ball og skumrulle.

Treninga foregår i ei rolig atmosfære.

Step

Kondisjonstrening på stepkasser.

Klassa er systematisk bygd opp med repetisjonar og fokus på teknikk. Dette for at du skal få best mulig utbytte av treninga.

Enkle, gode øvelsar for å bedre balanse, styrke og kondisjon. Passar alle. 

Medisinball

Kondisjon og styrketrening med medisinball. Vi brukar medisinball med dobbelt grep. 6 kg eller 8 kg.

Det vert vektlagt korrekt teknikk for å kunne oppnå størst mulig treningsutbytte.
Enkel, effektiv trening for å legge grunnlaget for ein sterk og funksjonell kropp. Passar alle formnivå.

Varigheit 45 min.

Barseltrening

Barseltrening er trening for mor med baby. Babys alder er frå ca 6 veker - ca 10 mnd.

Treninga er lagt opp etter PILATES sine grunnprinsipp, tilpassa kvinne i barselperioda. Vi legg vekt på å styrkje heile kroppens muskulatur på ein skånsom og effektiv måte. Uttøying og avspenning er også sentralt.

Treninga foregår i ei rolig atmosfære med god veiledning frå instruktør.

Barseltrening varer i 4 veker med muligheit for å forlenge perioden.

Oppstart av kurs er i januar, mars, september og oktober. 

 
Som kunde på barseltrening har du også muligheit for å trene på andre klasser i den perioda du er kunde. Uten tillegg i pris. Ta då kontakt for å finne ledig dag/tid. 

Dans - Balanse - Flyt

Ein enkel dansetime inspirert av forskjellige dansestiler. Enkle basistrinn satt saman til ein liten koreografi. Passar alle som likar å bevege seg til musikk.

Trening for gravid

Under graviditeten opplever mange tunge føter, åreknuter, vond korsrygg, problem med bekkenet og lite overskudd. Øvelsane i trening for gravid forebygger dette og du vil raskt merke bedring og resultat.

 
Passer alle 3 trimester. 

Pilates for gravid fokuserer på korrekt pust, bekkenbunnmuskulatur og auka kroppskontroll. Dette er viktige element som kan gjere din fødsel litt enklare, og ikkje minst hjelpe deg til å raskare kome tilbake i form etter fødsel.
 
Gravide er også hjerteleg velkomne til å benytte seg av dei åpne klassene på timeplanen. Du har då ein tett dialog med instruktør slik at du til ei kvar tid veit korleis du skal trene.

Trening for ungdom 12 - 16 år

Trening for ungdomer kondisjon, balanse og styrketrening tilpassa ein kropp i vekst. Vi trenar styrke med kroppsvekt og lette vekter. Ikkje minst vert det vektlagt å oppretthalde og utvikle god balanse og fleksibilitet/mjukheit i kroppen. Vi varmar opp med bevegelse til musikk. Trening for ungdom passar utmerket for både gutar og jenter.12 - 16 år