• WORKSHOP Med fokus på pust og skuldre

  • WORKSHOP Trening på matte Mann

  • WORKSHOP Trening på matte Basic

WORKSHOP - Pust - Skuldre

Søndag 1/3 kl 19.30 I denne timen øver vi på å gjere mindre, men til gjengjeld være meir tilstades. Stress, jag og produktivitet gjer noko med oss. Vi kan alle ha nytte av å lære oss å roe litt meir ned, kjenne etter kva vi treng og berre være. Det er også bevist at stress over tid kan gi seg utslag i spenningar i muskulatur, ulike betennelsesreaksjonar, smerter, migrene, søvnvansker mm. I denne workshopen legger vi vekt på gode øvelsar for - skuderbladplassering - skuldermobilitet - skulderstyrke - avspenning nakke/rygg - pusten Ta med lang treningsmatte. Medl.pris kr 200,- (Ord.pris kr 350,-)

WORKSHOP Trening på matte - Basic

Kurs: 8 veker. Onsdagar kl 19.00. Oppstart 15/1. Passar for deg som er ny og/eller ønskjer ei rolig treningsøkt. Vi bygger styrke, mobilitet og balanse gjennom gode og rolege øvelsar. Pust og fokus er sentralt. Treninga foregår på matte og klassa avsluttar alltid med avspenning. Pris kr 1400,- Inkl i pris kan du også benytte deg av dei åpne klassene på timeplanen i gitt periode. Du kan benytte enkeltklasser av dette kurset dersom det ikke passar å ta heile. Pris for enkeltplasser: kr 200,-/350,- Meld deg på den aktuelle dag gjennom bookingsystemet.

Trening på matte - Mann

Eiga klasse for menn. 8 veker. Oppstår jan. Styrke, balanse og kondisjonstrening. Målet er å gjere deg både sterkare og mjukare. Få ein funksjonell kropp i balanse. Passar både mosjonist og idrettsutøvar. Stadig fleire seriøse idrettsutøverar inkluderer variert trening i sitt treningsprogram. Kraftstasjon: Vi jobbar opp og ut frå eit sterkt og stabilt senter - kroppen sin kraftstasjon - som er mage/rygg/bekken. Og ønskjer å førebu ein idrettsutøvar til å takle idretten sin og hovedsesongen sin på best muleg og skånsom måte. Samt å ruste ein mosjonist til å ta kroppen dit ein ønskjer. Som feks langturer i fjellet eller naturopplevingar i kajakk. Vi nyttar utstyr som medisinball, stabilitetsball og lette manualar. Ellers nyttar vi mykje eiga kroppsvekt. Utstyret har vi på studioet men du tek med lang treningsmatte. Trening på matte - mann passar alle, og er enkelt å tilpasse eige formnivå.

WORKSHOP Trening på matte - Øvet

For deg som ønskjer å ta treninga eit steg vidare. Øvelsar frå det avanserte repertoaret. Vi trenar på flyt og overgongar med humor og glimt i auget. Du bør ha trent min 20 økter på åpent nivå. Klassa blir kjøyrt ved 6 eller fleire påmelde.