Om Konstanse

Eg er født i 1972, gift med Sverre og har fire gutar. Er utdanna hjelpepleiar og har store delar av mitt yrkesliv jobba ca 50% som hjelpepleiar og 50% som instruktør/trenar. Eg brenn veldig for bevegelse og det å tilpasse bevegelse og trening gjennom alle livsfaser. Både til mosjonist og idrettsutøvar. Eg har fylgt pasienter med innsnevra bevegelseradius og opplevd den enorme gleda dei får når nokon legg tilrette for bevegelse av feks handledd, enkle skulderull eller ein liten gåtur til ytterdøra for å få litt frisk luft og anna utsikt. Det inspirerer meg veldig. Samt på den andre sida få lov til å være ein del av eit team som skal trene ein idrettsutøvar til best muleg prestasjon. Eg ser mange likheitstrekk og eg er veldig takknemleg for å ha fått jobba med begge deler. I 2017 fekk eg tilbud om å jobbe i Bergsøy IL Fotball og har sidan då jobba der i ulike roller opp mot sport. Eg var sjølv aktiv keeper i mange år, gjekk idrettslinje med fotball som fordjupning og er veldig glad for å være tilbake på denne arenaen no som voksen. Og kombinerer jobb i klubb med jobb på eige studio.

Eg er utdanna og sertifisert gjennom mange ulike retningar i treningssenterbransjen og har jobba i det faget sidan eg var 18 år. Innan gruppetrening, styrketrening i styrkeavdeling på apparat og frivekter, spinninginstruktør, barsel og gravid, kampsport, aerobic, step osv. Sidan 2002 har eg spesialisert meg meir og meir for K TRENING PÅ MATTE med eller utan utstyr. Der eg benytter mykje av PILATES sine grunnprinsipp for oppbygging av treningsøkter. 

Eg underviser med eit uttrykk av kva eg har lært og kven eg er 

VELKOMEN til #treningmedkonstanse