TRENING MED KONSTANSE


Pilates Total

Tirsdagar kl 18.30

Skånsom og effektiv trening for heile kroppen basert på PILATES sine grunnprinsipp.
Du får opp pulsen, vert sterkare og mjukare, ikkje minst senker skuldrane og får bedre kroppshaldning. Vi utfordrar kondisjon, styrke, mobilitet og balanse i fin dynamisk flyt. 

For variasjon benytter vi forskjellig utstyr som: stabilitetsball, theraband, manualer.
Passar alle formnivå.



Hello world
Hello world


Mjuk Pilates 

Mandag eller torsdagar kl 18.30 

Enkle øvelsar i eit roleg tempo der vi tek oss god tid til pust, uttøying og avspenning. Det å trene roleg gir kropp og hovud muligheit til å hente seg inn att. Stressnivået går ned. Musklane slappar meir av og du vil føle deg meir spenningsfri i rygg, nakke og skuldrar. Ta deg tid til bevegelse. Kroppen din kan. Passar absolutt alle
Velkomen.

For medlem og drop in kunde

Hello world


Step Styrke

Mandagar kl 18.30, jan, feb, mars, sep, okt, nov.

Funksjonell trening til musikk med artige, enkle basistrinn. Å bevege seg til musikk er berre aldeles fantastisk. Kom og bli med. Passar alle som likar musikk og bevegelse. Gruppetrening er GØY !!!

25 min Funksjonell Step
25 min Styrke, mobilitet, pust og avspenning ( pilates )
* vi varierer mellom ulikt utstyr som medisinball, lette vekter, theraband og stor ball



Trening online

Heimetrening

Tirsdag, torsdag, laurdag ( Sommarboost online: veke 27 - 32 )

Skånsom og effektiv trening for heile kroppen basert på PILATES sine grunnprinsipp.
Klassa er tilgjengeleg frå gitt tidspunkt. Men ved å melde deg på her får du også anledning til å trene når det passar deg ut dagen. Og ved påmelding laurdag har du tilgong heile helga.
For både drop in og medlem. 

Du får opp pulsen, vert sterkare og mjukare, senker skuldrane og får bedre kroppshaldning. Vi utfordrar kondisjon, styrke, mobilitet, pust og balanse.
Passar alle formnivå.
Utstyr: treningsmatte er det viktigaste men vi varierer også med enkelt utstyr som theraband og lette vekter.

Kjempefin måte å kome i gong på om du vil teste litt før du kjem til studioet. Fleire har starta som medlem på denne måten.

"Eg underviser tidlaus og bærekraftig trening - med eit uttrykk

av kva eg har lært og kven eg er"