I bookingmenyen ser du kva klasser som er tilgjengelig. Du betaler ingenting ved booking. Betaling er via faktura eller Vipps der "krav" kjem etter at du har lagt inn ei påmelding/booking.
For å sjå kva klasser du har bestilt og evt legge inn ei avbestilling: Benytt <kundeinnlogging> inne i online booking systemet.
Ei evt avbestilling gjer du også i bookingsystemet. Avbestilling av klasser er gratis. Men om du avbestiller mindre enn 3 timar før klassa sin start vil du verte belasta kr 100,- på din neste faktura. Det same gjeld for å ikkje møte opp til booka time/klasse.
Frist for påmelding til kveldsklasser er kl 16 same dag. Det er ingen problem å melde seg på etter frist, men det er ved frist det vert tatt ein status på nok påmelde for å kjøyre klassa.
Er det 3 eller mindre påmeldt til klasse vil klasse verte avlyst. Dei aktuelle påmelde vil få beskjed på sms seinast 1 time før klassa sin start.
Med tanke på respekt for opplegget og trivsel på studioet ber eg deg om å være klar til klasse 5 min før oppstart.
VELKOMEN til Studioet og Trening med Konstanse